Bodø glimt molde straffe
Bodø glimt molde straffe 1
Bodø glimt molde straffe da.
– Langt utanfor fatteevne at VAR ikkje tar det
Tre minutt før pause skjedde det som kan ha sikra Bodø/Glimt eitt poeng – og avgjort Eliteserien
Molde fekk straffespark etter at Bodø/Glimts Brice Wembangomo serverte Moldes Mads Enggård ballen aleine med keeper – før han felte han.
Da Ola Brynhildsen brente straffa, var den same Wembangomo ein dryg meter inne i straffefeltet.
Ifølge regelboka skal det vere forbode, og bety nytt straffespark.
– Tatt om igjen
Kampdommar Ola Hobber Nilsen har komme seg heim etter ein hektisk ettermiddag i Molde:
– Det eg kan seie, basert på det stillbiletet, er at om det var sånn eg hadde opplevd det, så er det grunnlag for å ta det straffesparket om igjen, seier dommaren til NRK i dag.
Hobber Nilsen fortel at han – i motsetning til keeper Haikin – blei litt finta ut av Brynhildsens vesle stopp i tilløpet, og ikkje såg Glimt-forsvararen langt inne i feltet.
Men sjølv om han hadde dømt nytt straffespark om han hadde sett det, peiker dommaren p